Gravminne

I ei tung tid for dei som sit att ynskjer vi å hjelpe til med å finne eit gravminne i trygge former. Vi tykkjer det viktig at gravminnet vert slik som den pårørande ynskjer – og vi tek oss tid til ein god prat.

Gravminnet kan lagast av ein stein som dei pårørande har funne sjølv eller etter ei teikning. Vi kan også levere eit stort antal av ferdige modellar.

Gje deg tid til å sørge. Eit gravminne betyr så mykje.