- Du er her
- Om Førde Granitt
Om Førde Granitt
Førde Granitt AS er ei bedrift som arbeider med naturstein og skifer. Vi er 10 tilsette. Bedrifta vart starta i 2001 og har eige steinbrot i Førde. Steinen som blir utvunnen frå brotet er ein mørk øyegneis. Den har gode eigenskapar, let seg godt bearbeide og kan brukast til det meste.
Førdegranitten er røff av form og utsjånad og gir eit naturleg og livaktig inntrykk.
Det vert i dag laga fleire produkt:
Murstein, forblending, trinn, kantstein, gatestein, plater, bord, benkar og meire spesielle produkt ofte i samband med større og mindre prosjekt. Vi lagar og produkt av alle andre tilgjengelege steinsortar.
I tillegg til stein frå eige steinbrot produserer og leverer vi:
• Steinplater til kjøkken og bad.
• Gravmonument
• Alle typar skifer
• Flis av skifer, marmor og granitt
• Lim og fugemasse
• Impregnering og pleiemiddel for naturstein
• Proffverktøy,sager og spesialmeislar for stein og skifer
Vi leverer over heile landet til prosjekt, entreprenørar og private. Spør etter referansar, dei er kanskje nærare enn du trur.